OM SENTERET VÅRT

Aktiv trening Ørsta ligg heilt ved hovudvegen, midt i sentrum, i Tindebygget – der tindane speglar seg i glasflatene.

Treningslokala våre er på gateplan (ca 1200 kvm), medan garderobene er i etasjen under.

Besøkjande og medlemmar påpeiker ofte at lokala er godt tilrettelagt slik at ein ikkje kjenner seg på utstilling når ein trenar, samstundes som ein har god plass rundt seg.

For kondisjonstrening har vi solide tredemøller med god demping, ellipser, spinningsyklar, mosjonssyklar, trappemaskin, romaskiner, SkiErg/stakemaskiner og assult bikes.
Styrkeavdelinga er rikt utstyrt, med mykje plass til frivekttrening. Apparatserien vår frå StarTrack har eit stort utval, og er enkel i bruk.
I tillegg til dette vil du finne ei mengde småutstyr som ballar, strikk, ballanseputer, bosu m.m. Vi har også Red Cord og TRX for slyngetrening.

Vi har tre salar som blir nytta til gruppetimar:
X-fitsalen er mykje brukt utom timane, og her finn du god plass, og ein mengde «småutstyr» som kettlebells, kasser, slamballs, ringar, battleropes m.m.
I sykkelsalen sit du i ulike golvhøgder, så du ser godt. På storskjerm viser vi løypeprofil, og pulssoner for dei som ønskjer. Her nyttar vi systemet frå Globe Racer, og køyrer også timar med filma løyper frå m.a. Trollstigen. Salen har også fått ny belysning, og meir er i vente.
I gruppesalen (parketten) har vi størst variasjon av gruppetimar. Plassen og utstyret er til disposisjon for eigentrening utom timane.

Utom treningsarealet, har vi eit skjerma, roleg hjørne med massasjestolar, som kan nyttast etter dusjen.

I garderobene er det to dusjrom, med éin dusj i kvart. Vi erfarer lite køproblem her.

Dersom du vil sikre at treningstida di er effektiv, og i tråd med dine spesifikke behov, kan vi tilby personleg trenar. Du finn info om kvar av desse på eiga side her.