Timeforklaring

Aktiv trening Ulstein Varleite

Generell timeforklaring - for oppdatert timeplan, se booking og timeplan for ditt senter.

BODYBALANCE: trenar styrke, balanse, smidigheit og bevegelse med øvelsar m.a. frå thai chi, yoga og pilates. Krev konsentrasjon og fokusering og gir ei fin avkobling i ein stresset kvardag. Passar alle som vil ha ei oppleving av velvære for kropp og sjel.

BODYPUMP: er den originale treninga med vektstong som styrkar heile kroppen. Dette er ein 60-minutts time som utfordrar dei største muskelgruppene. Vi brukar dei beste styrkeøvingane som knebøy, pressar, løft og curls. Du bestemmer kor tunge vekter du vil ha. Flott musikk og motiverande instruktørar gir deg maksimal treningseffekt på minimal tid.  Passar alle.

BOOTCAMP: Her får du trene heile kroppen på en ekstremt effektiv måte. Kvar økt inneheld styrke, uthaldstrening og trening av kjernemuskulatur. Treninga gjer vi i sirkel. Her får du varierte øvingar med høg intensitet. Passar alle.

COREBAR: er ”full pakke”. Kondisjon, styrke og balansetrening for heile kroppen med spesielt fokus på kjernemuskulaturen. Timen hentar sin inspirasjon frå mange populære treningsformer som aerobic, dans, kampsport, tradisjonell gymnastikk, yoga, pilates m.m. Vi brukar også viktige treningsprinsipp frå fysioterapien med forebyggande og rehabiliterande trening av mellom anna rygg. Treningsformen er utvikla og tilrettelagd for at folk flest kan bli med, og få eit best mulig treningsresultat. 

COREBAR HIT:HIT( høyintensitettrening) er litt tøffere enn corebar. Intervallene i kondisjonsdelen vil pushe deg til til det ytterste, og dette er en time for godt til svært godt trente.

 

FUNCTIONAL MOVES:

Functional Moves er ein lavterskel time. Den består av tre blokker med styrkeøvingar for balanse, bein og kjernemuskulatur. Styrkeblokkene blir delt opp med tre pulstoppar på 90 sekund. Kombinasjonstime for menn og kvinner med særs god treningseffekt. Utstyr: Stepkasse på høgaste nivå, 5 kg. vektskive. Passar ikkje for gravide.

KETTLEBELL:Trening med kettlebells gir høg forbrenning og ein balansert og sterk kropp. Du regulerer sjølv intensitet på timen ved å velje kor tung vekt du brukar. Passar alle som  er skadefrie.

PILATES: Pilates handlar om konsentrasjon, pusteteknikk, uthald, muskelforlenging, avspenning og balanse. Metoden kombinerer yoga, styrketrening og stretching. Målet er å bygge opp ein sterk og fleksibel kjernemuskulatur. Timen passar alle.
 

SENIOR 50+: Kombinasjonstimar tilrettelagt for deg som er passert 50 i forhold til øvingar, musikk og tempo. Kondisjon, styrke og balanse er viktige faktorar når kroppen eldast.

 

SH’BAM:En time for deg som elsker å danse! Timen bygger på enkle, kule moves til musikk alt i fra hitlistene til remixede, gamle favoritter. Dette er den perfekte måten å komme i form på. "Come as you are - leave as a star!"

STEP/STYRKE: Step/Styrke er ein intervalltime, der kvar annan song er kondisjon og styrke. Vi kombinerer puls på step og styrketrening med vekter. Effektiv time for deg som vil ha både i pose og i sekk! Enkle kombinasjonar som passar for alle.

STYRKA MED VEKTSTANG: Er en treningsøkt for styrke. Her bruker vi vektstang, og trener gjennom hele kroppen.Timen varer 45-60 min. Du bestemmer selv hvor tunge vekter du vil bruke. (Passer for deg som vil bli sterkere og stramme opp.) Forskjellen fra bodypump er at vi her alternerer mellom muskelgrupper, og derfor kan ta tyngre vekter. Passer alle

SYKKEL: Klatre bakkar, suse bortetter rette strekningar og kanskje ein sprint på oppløpsia. Musikken sin variasjon og følelse gjer at det er morosamt å trene kondisjon. Enkel, effektiv, kjekk og inspirerande trening på sykkel. Timelengda og løypeprofilen kan variere. Sjå plan. Passar alle

ZUMBA: Timen er samansett av enkle bevegelsar til latino-musikk.  Kombinasjonen av raske og seine rytmar og musikken er ein kjekk måte å trene på, samtidig som heile kroppen får ei oppstramming og forbrenninga ein kick- start! Passar for alle