Timeforklaring

Aktiv trening Herøy

SH'BAM™

http://w3.lesmills.com/norway/en/classes/shbam/about-shbam/

Ein SH'BAM™ time varar i 45minutt, med 12 songar som har sin unike dansekoregrafi. Timen startar med ein basic oppvarming, der alt frå skuldra, til bryst, til hofter og til fingertuppar får bevege seg.

Etter oppvarming følgjer 35 minutt med lette, men kjempe kjekke dansekobinasjonar, til gamle og nye hits. Sidan stega er forholdsvis lette, er det lett å gjere dette til ein god jobbetime for dei aller fleste.

Mot slutten av timen senker vi pulsen, og tøyer lett.

 

BODYBALANCE™

http://w3.lesmills.com/norway/en/classes/bodybalance/about-bodybalance/

BODYBALANCE™ er ein perfekt blanding av Yoga, Tai chi og Pilates som fører til at du blir konsentrert og avspent. Du trener styrke og fleksibilitet til vakker og harmonisk musikk.

Timen begynner lett, med Tai Chi bevegelser som går flytende i kvarandre. Her koblar vi ut dagen som har vore, set oss sjølv i senter og varmar opp kroppen.

Deretter går det over i forskjellige yoga og pilates sekvensar for å styrke og forme kjerne musklaturen. Posisjonar og tøyingar er med på å auke fleksibiliteten i kroppen.

Dei siste 10 minutta er satt av til meditasjon, som er med på å betre effekta på treninga.

 


Corebar Hit

Corebar Hit er ein høg intensitet time både i kondisjon og styrke. Her får du anledning til å teste ut dit potensiale. Detter er ein 60min non-stop time som er intens, energisk, leikande, variert, fokusert og morsom. I denne timen er det ein god del hopp i kondisjonsekvensen. Timen er inndelt i ca.5-10 min oppvarming, 30min kondisjon  og 20-25min styrke med tøying til slutt. Dette er den ultimate kaloriforbrenningstimen der du får teste dine nivå!

 

Corebar

Corebar har noko lavare intensitet enn Corebar Hit, men er alikevel energisk og morsomt, og inneheld høg intensitet trening som hopping og springing. Timen er her også inndelt i oppvarming 5-10min, kondisjon 20-25min og 15-20 min styrke med tøying til slutt.

Samanlikna med Corebar hit, vil ein alltid inkludere teknikkøving på Corbar timane. Timen varar 45min, og har mindre koregrafi enn Corebar Hit.

Have Fun, Train Hard and Get it Done!

 

Sykkel

Dette er ein sykkeltime på 60 min, som passar for dei fleste, alt frå nybegynnarar til vidarekomne. Her justerer du intensiteten med å skru på motstandsknappen, + for tyngre motstand og – for mindre motstand. Her krevst det ingen koordinasjon, for å få opp puls og pust. Det er berre å trakke på å justere motstanden i forhold til den aktuelle sykkelløypa, slik at du får jobbe godt til god musikk og føler du får ønska utbytte av timen.


Sykkel lavterskel

Dette er ein sykkeltime på 45 min, som passar for dei fleste. I forhold til dei andre sykkeltimane, er den kortare i tid, og intensiteten er noko lavare. Også her justerer ein motstanden slik at det passar den enkelte, men her kjem ikkje dei brattaste bakkane eller like høgt tempo på pedalane, slik som dei timane på 60min.

 

Core m/ball

Dette er ein styrketime på 40min, med hovudfokus på den viktige coremusklaturen. Som hjelpemiddel i treninga brukar vi ein fitnessball. Her gjer vi enkle, gode styrke øvingar som alle kan meistre. Mot slutten er det velfortjent avspenning og tøying.

 

Styrke

Dette er ein heilt vanleg styrketime som varar i 30min. Her vi jobbar med bein, baken, rygg, mage, bryst, skuldra og armar, med 8 repetisjonar x3på dei fleste øvelsane. Ein god time dersom ein ønskjer å styrke heile kroppen på kort tid.

 

Zumba

Er du klar til å danse dei sjølv I form? For det er det Zumba handlar om. Det er givande, effektivt, lett å følgje, latininspirerande og kaloriforbrennande !

Det aller viktigaste med zumba er å ha det gøy! Det finns ingen riktig eller gal måte å trene zumba på, det viktige er å sleppe seg laus.

Kondisjonstimen zumba, passer for alle som likar å bevege seg til musikk uansett forkunnskapar og form. Trinna er lettlærte, og treninga er effektiv.


Kettlebells

http://www.kroppenisentrum.com/Kettlebellstrening.php

Ein kettlebell er ei jernkule med eit handtak, slik at kula kan løftast og svingast i alle retningar. Treningsforma er morsom, vekslande og motiverande. Timen varer i 45 min. Litt oppvarming først, der ein går gjennom alle øvelsane to gongar, så er det tre runder der alle øvelsane kjem sammenhengande etter kvarandre.

 

    · I forhold til handvekter som ofte brukast i isolerande øvelsar som involverer få musklar, vil kettlebells aktivere og involvere fleire musklar i sine øvelsar, slik at treninga blir meir funksjonell og effektiv på kortare tid.

 

   · Treninga vil i alle øvelsar aktivere ”core” muskulaturen og dei store musklane som hamstrings, rumpe og rygg musklane.

 

   · Kravet til muskelsamspel og koordinasjon i øvelsane vil gi økt eksplosiv kraft i bevegelsane. Dette fordi muskelstyrke ikkje kun avhenger av muskelmasse, men like viktig er det kor godt nervesystemet kommuniserer med musklane, og denne nervestimuleringa aukar igjennom den neuromuskulære treninga som stimulerast ved kettlebells trening.

 

 Step/styrke/intervall

Dette er ein intervall time som varar i 60min. Tre songar med enkle-step steg til oppvarming, deretter aukar intensiteten, med annakvar låt kondisjon og styrke. Dette er ein time der ein verkeleg kan jobbe godt. Med enkle step-steg, er det enkelt å jobbe med høg intensitet på kondisjons songane. Og med ei styrkeøving mellom kvar kondisjonslåt, kan ein verkeleg jobbe, for så å hente seg inn att under styrkeøvingane. Her er noko hopp i stega, men dette kan ein velje bort. Her går puls opp og ned i takt med musikken, der du tilpassar intensiteten til deg sjølv (lav eller høg step,med eller utan hopp, med eller utan armar, tyngd på vekter) og på den måten er dette ein time for dei fleste.

 

Rumpetrening

Dette er ei 20 minutts økt, med enkle øvingar for den største muskelen vi har, rumpa! Viktig å styrke denne, med tanke på funksjonen til kroppen i kvardagen og generelt. Med 20 minutt 2-3 gongar i veka vil du også sjå resultat!

 

Seniortimane

Dette er timar som alle kan vere med på, ein er ikkje nøydt til å vere 50+. Her er intensiteten lågare enn på dei andre sykkeltimane og saltimane. Vi jobbar ca. 25min kondisjon, og 25min styrke. Her kan ein velje mellom sykkel/styrke(måndag,fredag), sykkel/bodybalance(onsdag) og aerobic/styrke(onsdag). Timane går både på føremiddag og ettermiddag. Desse timane kan vere ein fin plass å byrje om det det er lenge sidan du har trena, eller om du ikkje har trena i det heile.

 

Barseltrim

Trening i sal(aerobic/step/styrke) for deg som er heime med barn, og ikkje har barnevakt. Her tek vi barna med! J Vi har leikegrind, vippestol og noko leiker. Noko lågare intensitet enn andre saltimar, lågare volum på musikken, og styrkeøvingar tilpassa deg som har født for ikkje så lenge sidan.

 

Treningsveiledartime

Her får du rettleiing gjennom eit standard styrkeprogram(jobbar med alle dei store muskelgruppene; bein, baken, mage, rygg og bryst) på styrkeapparat i styrkesalen. Ein får vist korleis stille inn apparata rett, korleis ein gjer øvingane, og prøve litt sjølv. Dette er ikkje ein treningstime, men rettleiing i korleis ein kan trene styrke, og bruke dette vidare i eigentrening.