Ernæring

Ernæringstips

I dag er det mange meiningsytringar om kva som er eit sunt og godt kosthald. Det er ikkje lett å vite kva ein skal tru på, og det blir difor for mange håplaust å vere konsekvent i matvanane sine.  Noko av årsaka til at det er så varierande utsegner, er at ulike forskingstilnærmingar gir ulike resultat. Noko forsking har låg validitet, og enkelte forskingsresultat er bestillingsverk frå produsentar som vil setje vara si i eit godt lys. Den største årsaka er nok likevel at media er dårlege til å gjengi det ekspertane faktisk seier, og at fasiten er meir nyansert enn det media evnar å formidle. Vi er ulike individ som lever ulike liv, og kosthaldet må tilpassast. Men nokre felles retningslinjer kan vi ha som utgangspunkt. Det vi ved Aktiv trening formidlar er eit kosthald som fungerer for storparten, og baserar seg på den største tyngda av forsking. Men det vil alltid vere unntak frå regelen.

Kosthaldet vårt er avgjerande for helsa vår, og har stor verknad på kva vi klarer å yte i kvardagen. I dag ser vi dessverre eit aukande problem med overvekt og medfølgjande livsstilssjukdommar, som resultat av dårleg kosthald og inaktiv livsstil. Mange ønskjer å endre situasjonen sin, og det finst difor ei uendeleg mengde diettar som skal lokke deg på trua. Det finst mange metodar som er effektive for å redusere vekt, men det er langt færre vi vil tilråde. Det er klart at dersom ein erstattar ulike matvarer med kalorilaust pulver, så vil ein gå ned i vekt. Spørsmåla er: Vil du klare å gjere dietten til ein livsstil? Kva skjer når dietten er over? Får du i deg dei næringsstoffa som kroppen treng når du nyttar ein slik diett? Mange opplever å gå ned i vekt, men klarer ikkje halde vekta når målet er nådd. Vi tilråder difor ikkje ein såkalla ”diett”, men eit kosthald som er ein del av ein sunn og vedvarande livsstil. For at dette skal vere overkomeleg for dei fleste, må ein kunne ete variert av dei fleste matvarer, men medviten avgrense det som kroppen ikkje treng / har godt av. Sjølv om ein kan ”skeie ut”, bør dette vere ein sjeldan gong. Elles bør ein etterstreve å finne sunne / kalorifattige alternativ når ein vil kose seg litt, eller påskjøne seg sjølv.  Gode, varige matvanar blir såleis avgjerande for vektkontroll, men mykje forsking viser også at dei som i tillegg trenar har tydeleg større suksess med å halde vekta. Eit tilpassa treningsprogram bør difor også nyttast.
Godt kosthald er også avgjerande for dei som er fysisk aktive, og ikkje har vektproblem. Variert, sunn mat gir oss «drivstoff» som kroppen treng for å fungere optimalt. Du vil oppleve meir energi, og langt betre treningsresultat om du sørgjer for å gi kroppen kvalitetsmat. Du vil til og med sjå friskare ut.